Arrangement

Den  reviderte biblioteklova (2014) presiserer at biblioteket skal drive aktiv formidling og vere ein uavhengig møteplass og arena for samtale og debatt. Lovendringa har bidrege til at det blir stadig fleire arrangement i biblioteka. Ulike typar litteraturformidling, barneframsyningar, forfattar- og føredragskveldar, leksehjelp, slektsforskingskurs, datakurs, språkkurs, klassebesøk, lesesirklar og liknande.

Diagrammet viser utviklinga i tal arrangement i biblioteket og deltakarar på desse (ikkje medrekna arrangement for skule/barnehage):

Arrangement i biblioteka 2011-2017

Frå 2016 blei det samla litt meir detaljerte tal for arrangement, og inndelinga er litt endra. Nokre av arrangementa som er rapporterte på skule/barnehage no, kan ha blitt rapporterte under generelle arrangement tidlegare.

Totalt hadde biblioteka 489 arrangement av ulike slag, av desse 117 for barn, med til saman 13 931 deltakarar. I tillegg kom arrangement i biblioteket der andre har ansvaret (t.d. språkkafear i regi av frivilligsentral o.l.), til saman 114, med 1282 frammøtte, og arrangement for skular og barnehagar, totalt  296, med 8121 deltakarar. 

Dei einskilde biblioteka har hatt frå ingen til rundt hundre arrangement.

Alle tal for arrangement (pdf)

Besøk

Få bibliotek har elektroniske besøksteljarar, og besøkstal er difor ofte basert på manuell teljing, stikkprøvetal eller eit overslag. Gjennomsnittleg besøkstal rapportert for 2017 er 4,85 pr. innbyggjar, mot 4,71 året før. Tala er ikkje heilt samanliknbare, sidan det i 2017 var to bibliotek som ikkje rapporterte besøkstal, og gjennomsnittet er rekna ut utan at innbyggjarane her vart tatt med. Fordeler vi rapporterte besøkstal på heile befolkninga i fylket får vi 4,7.

Gjennomsnittleg tal bibliotekbesøk i Noreg er 4,63, mot 4,6 i 2016 (tal rekna for totalt utlån og heile befolkninga).

Alle tal arrangement og besøk (pdf)

Utlån - fysisk materiale

Folkebiblioteka i fylket tilbyr lån av både fysisk og elektronisk materiale. I motsetnad til arrangement og besøk i biblioteka, går heimlånet av fysisk materiale (bøker, lydbøker, film mm) litt ned. Dette har vi til felles med resten av landet.

I gjennomsnitt lånte kvar innbyggjar i fylket 3,94 fysiske einingar i 2016, mot 4,05 på landsbasis. Sogn og Fjordane følgjer stort sett lånetrendane for landet samla, men ligg jamt litt under. (Den ekstra store nedgangen i fylket i 2008/09 skuldast mykje at fleire bibliotek var stengde pga. flytting/ombygging i delar av perioden.)

Utlån utvikling 1999-2017

Utlånet varierer mellom biblioteka, størst utlån har ofte bibliotek som også er skulebibliotek (kombinasjonsbibliotek), der alt utlån blir rekna med i folkebibliotekutlånet. Luster er kommunen som har totalt høgast utlån via folkebibliotek/kombinasjonsbibliotek, med Gloppen og Hyllestad på dei neste plassane. Nedst finn vi Leikanger og Hornindal.

Utlån fysiske media pr. kommune 2017

Når det gjeld bokutlån, varierer forholdet mellom bøker til barn/vaksne og faglitteratur/skjønnlitteratur mellom kommunane.

Deler vi lånte barnebøker på tal barn (t.o.m. 14 år) og vaksenbøker på vaksne, ser vi at skjønnlitteratur til barn er det det blir lånt ut mest av. I snitt blir det lånt ut knapt 9 skjønnlitterære barnebøker pr. barn i fylket, med Luster på topp med over 25 bøker pr. barn. Hyllestad og Høyanger er dei som låner ut mest vaksen skjønnlitteratur pr. vaksen, medan Førde og Gloppen låner ut flest fagbøker pr. vaksen.

Utlån type bøker pr. kommune 2017

Utlån pr. barn/vaksen viser altså at det blir lånt ut mange fleire bøker pr. barn enn pr. vaksen. Også når vi ser på totalt utlån, har utlånet av barnebøker gått forbi utlån av vaksenbøker. Auken i utlån av barnelitteratur kan vi sjå i samanheng med at biblioteka har satsa stadig meir på lesestimuleringstiltak frå ca. 2010. 

Utlån barne- og vaksenlitteratur 2017

Alle utlånstal, fysiske media (pdf)

Utlån - digital bruk

Biblioteka i fylket tilbyr fleire digitale tenester til lånarane sine:

E-bokutlånet varier gjennom året, gjerne med toppar i ferietida. Utvikling av utlån sidan starten i april 2014:

2014 2015 2016 2017
8 182 14 918 16 828 16 875

I mai 2017 vart alle folkebiblioteka med på ordninga med å tilby Pressreader. Det er registrert 23 756 lesne artiklar, men dette er eit svært usikkert tal. Filmbib og Nasjonalbibliotekets avisteneste har vi ikkje brukstal på.

Bruk av digitale tenester, IKT (pdf)

Bibliotekavdelingar og opningstimar

Ressurssituasjonen til folkebiblioteka betyr mykje for kva tilbod dei kan gi innbyggjarane i kommunen og i kva grad dei kan oppfylle krava i biblioteklova.

I Sogn og Fjordane var det ved årsskiftet 26 hovudbibliotek og 26 filialar. 17 kommunar har berre éi avdeling, hovudbiblioteket, medan 9 kommunar i tillegg har til saman 26 filialar. Ei vanleg veke har hovudbiblioteka ope til saman 589 timar, varierande mellom 8 og 48 timar. Halvparten har laurdagsope.

Alle tal om tilsette og avdelingar (pdf)

Personale

16 av kommunane har biblioteksjef med bibliotekfagleg utdanning (bachelorgrad eller høgare), dette er tre fleire enn året før. Seks kommunar har fleire bibliotekutdanna tilsett. Totalt er 25 personar med bibliotekfagleg utdanning tilsette i biblioteka i fylket, i 19,89 årsverk. 19 personar (9,37 årsverk) har anna høgre utdanning, medan 41 personar deler på 15,89 årsverk innan kategorien "anna kontor-/fagpersonale".

Biblioteka har mellom 0,3 og 4,94 årsverksressurs, til saman er det 85 personar som jobbar på biblioteka i ulike stillingskategoriar fordelt på 45,15 årsverk. Ni bibliotek har mindre enn eitt årsverk, ni har mellom 1 og 2 årsverk.

Alle tal om tilsette og avdelingar (pdf)

Mediebestand

Biblioteka tilbyr ulike typar medium - både fysiske og digitale. Blant fysiske medium er trykte bøker dominerande, men andelen andre typar medium (lydbøker, film, dataspel mm) har auka mykje dei siste åra, frå 4,13 pr. innbyggjar i 2001 til 10,65 i 2017. Det har også blitt jobba ein del med å redusere det totale talet på medium/einingar i biblioteka, slik at ein får meir aktuelle og levande samlingar. Talet er redusert frå 1 000 571 einingar i 2001, til 884 395 i 2017.
 
Ein stor del av dei digitale samlingane er felles for biblioteka i fylket, gjennom samarbeidsordningar (Pressreader, eBokBib) eller nasjonale ordningar (Filmbib og Nasjonalbibliotekets avisteneste). Biblioteka kunne tilby tilgang til 7 200 digitale aviser/tidsskrift, 2 974 e-boktitlar og 371 kort-/dokumentarfilmar gjennom desse tenestene. Vi har ikkje tal på tal aviser gjennom NBs avisteneste.
 

Økonomi

Biblioteka rapporterer inn rekneskapstal for medieinnkjøp. Det er store ulikskapar i kor mykje kvar kommune brukar på innkjøp til samlingane.

Kroner mediainnkjøp 2017

I 2017 brukte Solund mest pr. innbyggjar til medieinnkjøp, med 100,76 kroner, følgd av Høyanger og Hyllestad. På botn ligg Selje med 10,86. Snittet for fylket er 41,33 kroner pr. innbyggjar.

Mange faktorar spelar inn for kva ein brukar på medieinnkjøp: storleik og kvalitet på samlingane frå før, kor mange filialar ein skal kjøpe inn til, om det er kombinasjonsbibliotek og storleik på kommunen. Tala kan likevel seie noko om satsinga på bibliotek.

Frå år 2000 har kronesummen brukt på medieinnkjøp vore nokolunde den same frå år til år, mellom 38 og 43 kroner pr. innbyggjar. Omrekna til 2017-kroner ser vi at det har vore ein nedgang på over 29 % i kva biblioteka har til medieinnkjøp, frå 58,41 i 2000 til 41,33 i 2017.

Medieinnkjøp pr. innbyggjar 2000-2017

 

Tabellar med alle statistikktal